Jon Fosse sin takk for prisen Årets tale:

Eg vil takka for den store ære som blir meg til del – tenk at eg har skrive Årets tale!

Eg, ja eg som aldri har halde nokon tale, eller berre éin gong då, altså då eg heldt nobelførelesinga mi, som vel med rette vel helst kan reknast for ein tale.

Grunnen til at eg aldri har halde nokon tale, ja før denne eine gongen, er at eg mislikar, ja er redd for, å snakka på den måten til ei forsamling. Eg kan godt bli intervjua eller samtala på ein scene, men å halda ein monologisk tale – nei det vil eg ikkje, det torer eg ikkje.

Men så måtte eg altså til.

Og du verda som eg kvidde meg for å halda denne talen, og kor frykteleg nervøs eg var. Og di gladare var eg då ei ro kom over meg og det gjekk godt, og for at eg i etterkant til og med har fått mykje ros for denne talen min. Og no er altså talen min jamvel kåra til Årets tale.

Så slik kan det gå.

Men eg trur det for meg får bli med den eine talen. Det tyder ikkje at eg mislikar tale og talekunst, det er eit fenomen og ein sjanger som sjølvsagt har sin heilt naudsynte plass, og difor all ros til dei som freistar odla denne sjangeren og læra folk opp til å meistra talekunsten.

Men når det gjeld meg er det nok for seint. Eg får halda meg til skrivekunsten.

Og igjen, overraska og glad, takkar eg for at talegåvene mine var større enn eg sjølv var klar over.

Jon Fosse, 25. november 2024