• “Skriving i prosess, verdien av å øve skikkelig, verdien av å bearbeide i mange runder, demokrati og medborgerskap og mye mer.”

    —Lærer i videregående skole, om Ta ordet!

  • “Tørre å ta ordet. Muntlige ferdigheter. Respekt for andres meninger. Evnene til å se hvordan en tema kan tolkes på ulike måter.”

    —Lærer i videregående skole, om Ta ordet!

  • “Mange opplever en ufarliggjøring i det å snakke litt personlig foran en gruppe, det er så gøy å se at elever som tidligere aldri har snakket høyt i klassen står foran alle og formidler med innlevelse noe de har skrevet selv!”

    —Lærer i videregående skole, om Ta ordet!

  • “Elevene står sterkere rustet til å ta et standpunkt og stå for det.”

    —Lærer i videregående skole, om Ta ordet!

Ta ordet! blir gjennomført i fem trinn i perioden august-november:

  1. I dagane like før skulestart i august blir lærarar frå deltakande skular kursa i retorikk og talekunst, og i korleis gjennomføre Ta ordet!

    I 2026 held me desse lærarkursa:

    Tysdag 11. august kl. 14-16: Ny i Ta ordet! Digitalt lærarkurs for skular og lærarar som deltek i Ta ordet! for fyste gong, og for dei som ynskjer ein oppfrisking av opplegget.

    Torsdag 13. august kl. 14:30-15:30: Digitalt lærarkurs om vårt nye undervisningsopplegg, for alle lærarar som deltek i Ta ordet!

  2. Lærarane underviser i retorikk og held lokale talekonkurransar på skulane sine. Kvar skule kårar ein skulevinnar innan midten av oktober.


    Frista for å senda inn navn på skulevinnar i 2026 er 15. oktober kl. 10.

  3. Skulevinnarane samlast til retorikkworkshop og semifinale. Her framfører dei sine eigne talar og gjev tilbakemelding på andres talar. På bakgrunn av tilbakemeldingane dei har fått under workshopen skal skulevinnarane revidere sitt eige talemanus, og sende dette inn til oss.


    I 2026 held me workshop desse stadene:


    Torsdag 22. oktober kl. 12:30-16:30: Trondheim
    Fredag 23. oktober kl. 12:30-16:30: Bergen
    Mandag 26. og tirsdag 27. oktober kl. 12:30-16:30: Oslo

  4. Vi veljer ut åtte deltakarar til Ta ordet!-finalen og åtte deltakarar til Nordisk Talefest. Utvelginga skjer på bakgrunn av innsatsen til deltakarane under retorikkworkshopen, altså framføringa deira av eigen tale og respons på talane til andre elevar, og dessutan det reviderte talemanuset dei sender inn etterpå.

    Dei åtte deltakarane til finalen deltek i ein ny, omfattande workshop med fokus på framføring. Saman med kvarandre og retorikarane i Ta ordet! vidareutviklar og forbetrar dei talane og framføringa ytterlegare.

    Dei åtte deltakarane til Nordisk Talefest deltek også på ein omfattande workshop. Saman med kvarandre og retorikarane i Ta ordet! vidareutviklar og forbetrar dei talane og framføringa ytterlegare.

  5. Ta ordet!-finale i Bergen: Her held dei åtte deltakarane talen sin for eit stort publikum.


    Nordisk Talefest: Her møtar dei åtte deltakarane ungdommar frå Danmark og Sverige til talefest i eit av landa, kor alle held talane sine.

    • Talen skal vare mellom 3,5 og 4 ,5 minutter. Ikkje kortare og ikkje lengre!

    • Taleren kan ikkje nytte presentasjonsteknologi som PowerPoint eller liknande.

    • Elevane må skrive eit manuskript til talen.

    • Talen skal vere deliberativ: Den skal ha ein tydeleg bodskap og argumentere for dette!

Talekonkurransen Ta ordet!
- for elever i vidaregåande skule

Talekonkurransen Ta ordet! gjer stemma til elevar frå vidaregåande skular i heile Noreg til ein sjølvsagd del av den offentlege samtala.

Ta ordet! handlar om å inspirere, provosere og røre mottakarane sine. Og om å forandre verda – litt. I klasserom over heile landet skriv unge talar om det dei brenn for. Dei argumenterer, fortel og appellerer til lærarane og médelevane sine, og gjev dei grunnar til at dei andre bør handle annleis. Dei åtte sterkaste talane får plass i finalen.

Prosjektet blei utvikla av Retorikkgruppa ved Informasjons- og medievitskap på Universitetet i Bergen – det fremste retorikkmiljøet i landet – og organiseres i dag av foreininga Ta ordet!, som mottar verdifull støtte frå mellom anna Agenda Vestlandet, stiftinga frå Sparebanken Norge.

Talekonkurransen blei først halden i 2016 – då som ein lokal konkurranse for vidaregåande skular i Bergen. I åra som følgde vaks han i omfang, og no står den som eit tilbod til alle vidaregåande skular i heile Noreg.

Ved slutten av kvar sesong er det finale, der dei åtte beste talane blir framførte i Bergen. Men før dette, er det mykje som skjer i kulissane.

Meld på skolen din!

Ta ordet! i media

Elevene får ikke bare en mikrofon og en scene, de får ta del i den offentlige samtalen gjennom flere kanaler.